Når du reiser innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du Årdal nasjonalparkkommune.
Med mektig, urørt natur og kort veg til Jotunheimen nasjonalpark ligg Årdal mellom høge, bratte fjell og djupe dalar, og er antakeleg Noreg sin mest spanande og ukjende boltreplass for friluftslivinteresserte.
Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal, med omlag 5170 innbyggjarar. Tettstadane er omkransa av fleire dalar: Naddvik, Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar, både musikk- og friluftslivretta, som trekkjer til seg folk frå fjern og nær.