Midt i Sogn og Fjordane ligg byen Førde, den mest folkerike kommunen i fylket. Kommunen utgjer eit område på 586 km2 og her bur 13 041 personar. Førde Sentralsykehus utgjør den største arbeidsplassen i kommunen.
Førde er byen mellom dei fem fjell, og byr på mykje for deg som er glad i naturen. Ei vandring på tilrettelagde og merka stiar i Sunnfjord, gjev deg eit flott utsyn og varierte opplevingar frå fjella i Fosseheimen, breen, fjorden og havet. For fiskeinteresserte er distriktet eit eldorado. 15 minutt frå byen ligg dessutan ei golfbane, og like utanfor byen finst alpinanlegg og eit større skianlegg med lysløyper i eit variert terreng.
Fritidstilboda er også i særklasse. I tillegg til det etablerte idrettsmiljøet er Førde «kulturhovudstaden» i Sogn og Fjordane med Førdehuset, eit stort og moderne kulturhus, som naturleg samlingspunkt. Her er den største kinoen i fylket, profesjonelt teater, konsertar, utstillingar og bibliotek. Førdehuset har også stor idrettshall, symjehall og stadionanlegg, og er den naturlege samlingsstaden for mange av aktivitetane til dei om lag 200 frivillige lag og organisasjonane i kommunen. Førdefestivalen er den største festivalen for folk/trad/world musikk i Skandinavia med nærare 30 000 besøkande kvar sommar. Midt i Førde sentrum ligg Sogn og Fjordane kunstmuseum.
Førde har direkte flysamband med Oslo og Bergen. Byen ligg elles kommunikasjonsmessig sentralt til ved E39 som bind Vestlandet saman, og har daglege ekspressbussruter til Oslo, Bergen og Trondheim.
Førde er det største handelssenteret mellom Ålesund og Bergen, og er ein naturleg møtestad for 50 000 personar som bur innanfor ein radius av ein times reise. Difor ligg Førde heilt i landstoppen når det gjeld omsetnad per innbyggjar, noko som avspeglar seg i eit variert forretnings- og servicetilbod som gir sysselsetjing til vel 1000 personar.
Barnehage og skole
Førde kommune har bevisst prioritert utbygging av barnehagar og skular. I Førde kommune har vi tilbud om til sammen 16 barnehager. Se på
kartet om du vil sjå kor dei er i Førde kommune. I Førde har vi 9 grunnskular, som for tida har om lag 1800 elevar. Skulane våre er kåra til dei beste i landet, og det er vi stolte av!
Her finn du skulane i kartet
Bomuligheter
Førde består av bydelene sentrum, Haugum, Øyrane, Hafstad, Flatene, Halbrend, Slåttebakkane, Vie, Slåtten, Tefre og Bruland.
Førde Boligutleie driver utleie av hybler og leiligheter sentralt i Førde.
Se også finn.no for boligkjøp- og leie.
Partnerjobb
Flytter du med en partner som også leter etter ny jobb? Den største arbeidsplassen er Sentralsykehuset i Sogn og Fjordane i Førde, der også det meste av industrien, administrasjon og servicenæringen ligger. Kommunen har også en betydelig turisttrafikk. Se hvilke
jobbmuligheter som finnes i dag!