Kort om arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering (ARR), og ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg i Rauland i Telemark, sentralt plassert mellom aust og vest, omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Senteret er samlokalisert med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering og samarbeider også med Sjukehuset Telemark om eit poliklinisk tilbod innan FMR (Fysikalsk Medisin og Rehabilitering) i Rauland. Senteret har og eit ARR dagtilbod i Oslo sentrum.
AiR søker primært etter spesialist innan fysikalsk medisin og rehabilitering, men søkjarar med spesialitet/klinisk erfaring innan allmenn-, arbeids- eller samfunnsmedisin er og aktuelle. Det kan og vera aktuelt for legar som ønskjer å ta spesialisering innan allmennmedisin.
AiR er svært utviklingsorientert, og ligg langt framme når det gjeld å nytte digitale verktøy i oppfølging og behandling av deltakarar. Dei siste åra har AiR satsa særleg på rehabilitering av unge vaksne (18-30 år).
Me arbeider i tverrfaglege team som består av lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut. Som lege bidreg du med medisinsk fagleg kompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar.
Faglege kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Erfaring frå og/eller interesse for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
Me tilbyr:
- Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling internt, gjennom vidareutdanning, kurs og eventuelt som del av eit spesialiserings løp
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe bustad
Om du er interessert i natur og friluftsliv vil omgjevnadane i Rauland kunne gje deg rike opplevingar gjennom alle årstider.
Les meir om AiR på:
www.air.no . Me ser fram til å høyre frå deg.
Søknadsfrist 15. november 2023
For meir informasjon, kontakt:
Leiar klinikk AiR, Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433 /
guri.sogn-larssen@air.no eller medisinskfagleg ansvarleg ved AiR, overlege Ottar Berg, tlf. +47 952 84 240