Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Lærdal sjukehus, Medisinsk seksjon har ledig 100% overlegestilling som spesialist i gastroenterologi.

Lærdal sjukehus er eit av 3 sjukehus i Helse Førde. Medisinske legar samarbeidar godt på tvers av lokasjonar. Medisinsk seksjon ved Lærdal sjukehus har 4 overlegestillingar og totalt 6 LIS1 stillingar. Seksjonen har sengepost med 14 senger, derav 2 overvakingssenger, dialysepost og poliklinikk. 

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekkjer seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Lærdal har berømt tørt klima der deler av bygda har omtrent like mykje nedbør som Alicante og Palma, Mallorca. Lærdalsdalføret med sidedaler og dei store fjellområda byr på rike moglegheiter for jakt og fiske. 

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon. 

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepostarbeid og vaktarbeid innan generell indremedisin. Det er høg kompetanse innan feltet, både hos legar og sjukepleiarar. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert som gastroenterolog og spesialist i indremedisin. 
  • Ha erfaring frå sengepost, vakt- og poliklinisk arbeid.
  • Må ta del i ansvar for rettleiing for LIS og cand.med.
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Medverke til eit felles godt arbeidsmiljø
  • Trivst med å jobba i eit tverrfagleg team
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til pasientsystemet DIPS og til det gastromedisinske utstyret frå Olympus.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Personalhytta på Filefjell

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Tittel: Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus
Telefon: 415 30 456
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk seksjon LSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal