Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kvinneklinikken søker overlegar 

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.

Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4200 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Vi har behov for å styrke overlegebemanninga ved fleire seksjonar og kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innan klinisk kompetanse og forsking. 

Vi ønsker nå å styrke bemanningen vår med spesialister til flere av våre avdelinger. Les meir om oss: Kvinneklinikken

Som overlege ved Kvinneklinikken vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar og vere rettleiar for LIS, ei viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i fagutvikling og undervisning. Jobben fordrar stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på kompetanse, pasientryggleik og brukarmedverknad. Kvinneklinikkens kjerneoppgåve er å gi gode helsetenester til kvinner på Vestlandet. Vi har nyleg flytta inn i nye topp moderne lokale og arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.

Ved Kvinneklinikken har vi fokus på godt arbeidsmiljø og vårt kollegium ønsker nye legar velkomne!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid
  • Vakt
  • Forbetringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing
  • Medansvar for god samhandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon 
  • Spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
  • Medisinsk embetseksamen
  • Gode kunnskaper i norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta
  • Evne til å samhandle med pasientar og pårørande
  • Gode kommunikasjonsevne
  • Forskingsinteresse
  • Evne å prioritere
  • God stressmeistring
  • God forståing av klinikkens og sjukehusets verdiar
  • Glede av godt teamarbeid 
  • Ønske og vilje til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Lorentz Erland Linde
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 41456090
E-post: lorentz.erland.linde@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kvinneklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen