Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ledig fastlegeheimel frå 01.12.2024 i vakre Selje - lengst vest i landet.
Kommunen har to legekontor og tolv fastlegeheimlar samt ei stilling for Lis1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill). 

Selje legekontor har eit godt fagmiljø med to andre fastlegar og helsepersonell i resepsjon/laboratorium. Eit triveleg arbeidsmiljø i nybygd helsehus med funksjonelle lokalar. Alderssamansettinga er mellom 30 til 50 år og listestorleik på fastlegelistene ligger mellom 800 - 900. ALIS-legane våre har 700 pasientar på sine lister. 
Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24-t BT, akuttrom/sårskifterom. Fastlegane har gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2 avtale, dvs at kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell i byte mot basistilskotet. Legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon inntil 16 dagar ved fråvær grunna eigen, eller barns sjukdom og inntil 10 kurs dagar per år. 
Den kommunale daglegevakta frå kl 08:00 - 16:00 måndag til fredag fordelast mellom dei 3 legane ved kontoret. Legevakt på kveld, natt og helg er ved interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga her er omlag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunallegevakt og legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar. Samlokalisert med legevakta er 5 kommunale ØHD sengeplassar. 

Kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.
Legekontoret nyttar Infodoc EPJ og Melin betalingssentral
Det er tilsett 3 årsverk som helsepersonell inkludert avdelingsleiar. Helsepersonell har brei erfaring og kompetanse som sjukepleiarar og helsesekretær. 
På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost. Sjukehuset har tilbod om institusjonsteneste til ALIS-legar etter ny utdanningsmodell. 
Fastlegar har dei seinare åra fått fleire oppgåver og det har vore behov for å auke tal fastlegeheimlar, samt redusere listelengdene. Desse endringane har også ført til auka behov for støttetenester i resepsjon og laboratorium. Stad kommune har i samarbeid med legane våre jobba målretta for å få ned arbeidsbelastninga og gje fastlegane ein betre arbeidskvardag og vi ønskjer akkurat DEG med på laget vårt. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Stad kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Linda Gotteberg
Tittel: Einingsleiar helse
Telefon: 41694203
E-post: linda.gotteberg@stad.kommune.no
Navn: Thomas Vingen Vedeld
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97004492
E-post: thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Selje legekontor
Selje legekontor
6740 SELJE