Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gjev psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2024 eit budsjett på 159 millionar kroner, og  har ca 220 tilsette fordelt på vel 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Vi søker overlege i psykiatri til vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Den ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit stort Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrrelser, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har og ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til utrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider og med Bjørgvin sitt MBT-tilbod som er lokalisert på Knarvik. Her er det altså rikeleg anledning til å kunne fordjupe seg innanfor ulike område av allmennfeltet. 

Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit engsjert godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar i gruppe og individuelt innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon 
  • Meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert og nysgjerrig
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
  • Er god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
  • Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av fagområde allmennpsykiatri
  • Eit nytenkande og utviklande fagmiljø
  • Lønn i henhald til gjeldande avtalar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Hallbjørg Hage
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Eli Julseth Birkhaug
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen
Tertnesveien 37
5113 Tertnes