Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Er du vår nye fastlegevikar?
Vi søker ein engasjert og nysgjerrig fastlegevikar, til fastlegeheimel med listestorleiek på kring 650 med oppstart frå 1. september eller etter avtale. Vikariatet for barselpermisjon går fram til og med mars 2025, med moglegheit for forlenging.

Å arbeide i Fjord kommune, er å arbeide i eit team beståande av kommuneoverlege, faste fastlegar og LIS 1 legar. I tillegg til helsesekretærar, helsesjukepleiarar, psykolog, psykiatrisk sjukepleiarar, psykisk helsearbeidar, jordmor, fysioterapeutar og ergoterapeut. Vi har legekontor både i Stordal og Valldal, og nyttar CGM journal. Det er eigen einingsleiar med ansvar for alt dagleg administrativ driftsarbeid ved kontora. Arbeidsstad kan avtalast nærmare med aktuell kandiat. Deltaking i interkommunalt legevaktsamarbeid ved Ørskog legevaktstasjon og nattlegevakt i Ålesund, begge med relativt låg vaktbelastning.

I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.

For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå: For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå: Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen. Det er veldig godt samhold i kollegialet, der alle er interessert i friluftsliv.

Møt to av legane i Fjord kommune: Det gode legelivet i Fjørå (opplevfjord.no)

Legane har faste fagmøter, og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund.

Vikariat vil vere på 80 % stilling, men om kandidat ønsker 100 %, vil dette la seg ordne.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver
  • Oppgåvene er i samsvar med gjeldandelover, forskrifter og avtaleverk.
  • Klinisk praksis på eiga liste, samt kollegeal fråværsdelning
  • Offentleg legeoppgåver inntil ein dag pr. veke etter nærare avtale
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Kommuna har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt mellom alle legane i kommuna.
Kvalifikasjonar
  • Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege
  • Bør ha gjennomført LIS 1 teneste.
  • Spesialist i allmennmedisin eller klar for å starte spesialisering i LIS 3
  • Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova
  • Personleg eignaheit blir vektlagt for samarbeid i etablerte team
  • Den tilsette må beherske norsk særs godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • · Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt
  • Interesse for allmennmedisin og forebyggende arbeid
  • Godt humør og positiv framtoning
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God digital kompetanse
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide strukturert, målretta sjølvstendig og i team
  • Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for legar
Vi tilbyr
  • Varierte og overkommelege arbeidsdagar, kommuna er opptatt av å kunne tilby gode arbeidsvilkår
  • Triveleg arbeidsmiljø med kvalifiserte medarbeidere
  • Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS, og kan dermed tilby ALIS-avtale
  • Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS 3
  • Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
  • Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommuna
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • God forsikrings- og pensjonsordning i KLP
  • Fastlønn etter avtale
  • Hjelpe til med å finne husrom og eventuelt arbeid for partner
  • Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin. Kommunane samarbeider om å legge til rette for at ALIS i Fjord vil kunne ta institusjonstenesta ved ØHD om ein ønsker det, og arbeidar i kommuna over lengre tid.
  • Ei verksemd i utviling
  • Gode samarbeidspartnarar i andre delar av helsetenesta i kommunen
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Fjord kommune
Stordal/Valldal
Kontaktpersoner
Navn: Rønnaug Hove
Tittel: Leiar Fjord helse
Telefon: 41867937
Navn: Sindre Søvik Erstad
Tittel: Kommunalsjef helse omsorg og velferd
Telefon: 95855960
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Valldal og Stordal legekontor
Stordalsvegen 550
6250 STORDAL