Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Forlenget søknadsfrist
Vi har ledig ein 50 % fast stilling som rådgivande overlege. Arbeidsstad er ved avdelinga vår i Bergen og det forventes nærvær i avdelinga innanfor ordinær arbeidstid.

Rådgivande overlege er ei støtte for saksbehandlarane i deira medisinske vurderingar. Ved behov skal saksbehandlar diskutere saka med rådgivande overlege. Dette skjer enten ein til ein, eller i saksdrøftingsverkstad. Når vurderinga frå rådgivande overlege er eigna til å ha betydning i saka, må uttalen gjerast skriftleg.

NAV Klageinstans har i dag ni overlegar i ulike stillingsstørrelse, til saman ca. 5,4 årsverk. Desse har kontorstad i ein av våre seks avdelingar. Våre rådgivande overlegar har ulike spesialitetar og erfaringsbakgrunn. Vi har eit godt miljø, både fagleg og sosialt, og møtes regelmessig for å drøfta ulike trygdemedisinske problemstillingar. Sjølv om våre rådgivande overlegar er spreidd ut i våre seks avdelingar, så bistår dei kvarandre på tvers for å utgjevne arbeidsbelastning og bruka spesialitetane til kvarandre. 

Arbeidsoppgåver
  • være ein medisinsk ressurs for saksbehandlarane
  • gi trygdemedisinsk rådgivning, både skriftleg og munnleg, i enkeltsaker
  • gi rettleiing og undervisning av dei tilsette og samarbeidspartnarane til etaten
  • gi systematiske tilbakemeldingar i organisasjonen
  • gi medisinske vurderingar i saker for Lagmannsretten og stille som sakkunnig vitne for staten i aktuelle saker
Kvalifikasjonar
  • medisinsk embetseksamen med gyldig norsk autorisasjon
  • ønskeleg med spesialitet og fleire spesialitetar kan vurderast, mellom anna psykiatri. Også andre spesialitetar som t.d. nevrologi, fysikalsk medisin, arbeidsmedisin og allmennmedisin kan vera aktuelle
  • erfaring frå  klinisk arbeid er ønskeleg
  • må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • gode samarbeidsevner
  • strukturert og med god arbeidskapasitet
  • interesse for trygdemedisin
Vi tilbyr
  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • lønn kr. 1.120.000 til 1.220.000 tilsvarande 100 % stilling i stillingskode 0207 Overlege
  • moglegheiter for fagleg påfyll og utdanningspermisjon
  • for fastlege eller spesialist med driftsavtale blir det tilstått praksiskompensasjon etter Særavtale for leger i Arbeids- og velferdsetaten
  • vi ber om at du legg relevante vitnemål og attestar ved søknaden
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
NAV Klageinstans
Kontaktperson
Navn: Tor Harald Christiansen
Tittel: Sjefslege
Telefon: 957 99 971
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
NAV Klageinstans
C. Sundts gate 29
5004 BERGEN
Søk på stillingen