Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

 

Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2028/2029. Avdeling spesialisert psykosebehandling er i dag lokalisert i på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder et ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/ utviklingshemming og psykoselidingar).

Avdeling spesialisert psykosebehandling har nå ledig ein fast overlegestilling og eit 6 mnd vikariat. Deler av den faste overlegestillinga skal være knytt til arbeide i UUP-teamet.

Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av psykosepasientar i tverrfagleg team
  • Vere fagleg ansvarleg for vedtak for pasientar på tvungen psykisk helsevern 
  • Vere pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling
  • Rettleiing av legar i spesialisering
  • Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap for alle yrkesgrupper
  • Samarbeid med andre relevante avdelingar i og utanfor sjukehuset 
  • Delta i klinikkens bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta og tverrfagleg arbeid i psykisk helsevern
  • Erfaring frå klinisk arbeid med psykosepasientar
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt 
  • Må beherske norsk eller et skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med akuttpsykiatrisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du skapar gode relasjonar og samhald 
  • Du er  inkluderande og involverande 
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar 
  • Du arbeider planmessig og strukturert 
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet

Vi tilbyr

  • Eit aktivt kompetanseutviklingsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Igne Sinkeviciute
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 55958580
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 BERGEN