Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ein ledig fast stilling og to ledige vikariat som lege i spesialisering i radiologi, med varigheit 6-12 månader. Moglegheiter for forlenging Oppstart etter avtale.

Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein ny og moderne utstyrspark og eit eige senter for nukleærmedisin og PET. Vi har 6 MR-maskinar og 6 CT-maskinar. Vi nyttar SectraPACS og RIS. Det er til ein kvar tid tilknytta Ph.d-stipendiatar til avdeling, og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid. Avdelinga er inndelt i 7 legeseksjonar:

Seksjon for Barneradiologi
Seksjon for Uro/kar/intervensjonsradiologi
Seksjon for Gastroenterologisk og onkologisk radiologi
Seksjon for Thoraxradiologi
Seksjon for Mammaradiologi og screening
Seksjon for Nevroradiologi
Seksjon for Ortopedisk radiologi

LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6 månad. Nye LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt. Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten.

Vi anbefaler LIS1 som snart er ferdige om også å søke. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på seksjonane, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
  • Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
  • Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
  • Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
  • Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning
  • Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Radiologi
  • Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Eric Alexander Resnes
Tittel: Overlege
Telefon: +47 55970907
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling 
Haukelandsveien 22
5009 Bergen