Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ved ortopedisk seksjon på Haugesund sjukehus søkjer vi no etter ein lege som ønskjer å spesialisere seg innan ortopedi.

Vi har eit vikariat ledig for LIS3, med moglegheit for forlenging i seks månader. Planen er å etablere eit utdanningssamarbeid med rotering til HSR, med tenkt start hausten 2024. Stillinga er ledig frå oktober.

Stillinga tilbyr eit utdanningsforløp som fører til spesialiteten i ortopedisk kirurgi, hovudsakleg gjennomført ved Haugesund sjukehus, med tilleggsutdanning ved Helse Bergen/Helse Stavanger.

Dette er ein LIS3-stilling som føreset at LIS1-tenesta er fullført.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i avdelinga si drift
  • Visittgang
  • Skadepoliklinikk og operasjonsassistanse
  • 7 delt LIS3 vakt bak LIS1
  • Deltaking i fagleg undervisning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå ortopedisk kirurgi eller spesielt interesse for faget
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner med pasienter og kollegaer
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Gode evner til samarbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Astrid Maria Josefsen Bendiksen
Tittel: Funksjonsleiar - ortopedisk post
Telefon: +47 52732422
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopedisk avdeling Haugesund sjukehus
karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND