Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med og utvikle framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal?

Fagdirektør sitt ansvarsområde er innafor forsking, innovasjon, kvalitet og pasienttryggleik, samt ulike pasientretta utviklingsprosjekt. Vedkommande er adm. direktør sin rådgivar og næraste samtalepartnar på desse områda og leier sin eigen stab. Som fagdirektør har du ein unik moglegheit til  å vere med å påverke utviklinga innanfor våre helsetenester. Du er ein brubyggjar og er opptatt av god dialog med fagfolka i helseføretaket. Fagdirektør er ein del av i leiargruppa. Du vil også vere HMR sin representant opp mot det regionale helseføretak, HMN, innanfor faglege diskusjonar og beslutningar.
Arbeidsstad vil vere hovudsakleg i Ålesund, og startdato kan vere etter avtale.
Om du vil lese meir om regionen, sjå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og spesialist
  • Brei yrkeserfaring, og gjerne erfaring som leiar i spesialisthelsetenesta med resultatansvar
  • Du er van med å drive fram prosjekt, er beslutningsdyktig og har gjennomføringskraft
  • Det er ein fordel om du har doktorgrad/forskingskompetanse, men det er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
  • Du er ein synleg og tydeleg leiar med gode samhandlingsevner
  • Du liker å inspirere og motivere og har god dialog med tillitsvalde
  • Du er analytisk, reflektert og har god evne til å bygge relasjonar
  • Du evnar å argumentere godt og sakleg på eit faglig grunnlag
  • Du er målretta, strukturert og har god evne til formidling
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
At du er personleg eigna til stillinga, vil bli vektlagd
Vi tilbyr
  • Ei spanande leiarstilling med høve for fagleg og personleg utvikling
  • Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av pasienttilbodet til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal
  • Ein inkluderande arbeidsplass og eit triveleg og framoverlent arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og personalvilkår
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ordning knytt til pendling, kan vere aktuelt for den rette kandidaten
Andre opplysningar:
Det må påreknast noko reiseaktivitet mellom sjukehusa og institusjonane i føretaket.

Helse Møre og Romsdal arbeidar for meir offentlegheit og søkjarliste til stillinga blir offentleggjort. Ein kan be om unntak i ein periode i søknadsprosessen. Unntak skal grunngjevast frå søkjar si side.

For ytterligare informasjon; kontakt gjerne våre rådgivarar i Headvisor AS ved Lars Jakob Arnøy, tlf. 907 69 045 eller Anders Bauge, tlf. 901 56 249 for ein uforpliktande samtale . Du kan også kontakte adm. direktør Olav Lødemel  tlf. 920 90 310. Alle førespurnadar før søknadsfristen blir behandla konfidensielt inntil anna er avtalt. Søknadsfrist er 30.09.2024

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Dei to sistnemnte vil nå erstattast av et nytt og moderne sjukehus på Hjelset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi har også behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. I april i år tok vi i bruk Helseplattformen, et nytt moderne IT system som er felles for alle helseføretaka i Helse Midt Norge. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget! 

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på vegen, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?

Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Forsking, innovasjon, kvalitet og pasienttryggleik
Kontaktpersoner
Navn: Anders Bauge
Tittel: Rådgiver
Telefon: 901 56 249
E-post: ab@headvisor.no
Navn: Lars Jakob Arnøy
Tittel: Rådgiver
Telefon: 907 69 045
E-post: lja@headvisor.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Fagdirektør Helse M&R
Arbeidssted
Ålesund
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND
Søk på stillingen