Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Haukeland universitetssjukehus, Klinikk sikkerheitspsykiatri har no ledig stilling som avdelingsoverlege. Det er 5 seksjoner ved Klinikk sikkerheitspsykiatri: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Fengselshelseteneste, Sikkerhetspoliklinikken og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. 

LS tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og høg risiko for alvorleg valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdoms-forstyrring og rusmisbruk. LS skal gje eit tilbod til pasientar i Helse Bergen og har for tiden 8 sengeplassar.

Avdelingsoverlegen vil vere ein del av leiarteamet i klinikken og vedkomande vil rapportere til Klinikkdirektør og det må påreknast å vere hennar stedfortredar. 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for all behandling som blir gitt ved Lokal sikkerheitsavdeling
  • Ansvar og myndigheit for avgjerder om inntak og pasientflyt i avdelinga
  • Samarbeide tett og konferere om vesentlege avgjerder om inntak og drift med seksjonsleiar Lokal sikkerheitsavdeling
  • Avdelingsoverlege skal i samarbeid med leiargruppa, vere pådrivar for klinisk arbeid av høg fagleg standard og fagutvikling
  • Stillinga er og knytt til klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar og risiko for vald
  • Gi rettleiing til øvrig personell og delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken
  • Utstrakt samarbeid med dei andre klinikkane i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primær helsetjenesten og kommunale botilbud i Helse Bergens opptaksområde
  • Det kan bli aktuelt å også påta seg behandlingsansvar for pasientar ved andre avdelingar i klinikken og vere stedfortredar for avdelingsoverlegen ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA) ved behov

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embedseksamen med spesialitet innan psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring frå Sikkerheitspsykiatri og akutt psykiatri vil bli lagt vekt på
  • Interesse for rettspsykiatri og rehabilitering         

Personlege eigenskapar

  • Evne til å kombinere god leiing med høgt fagleg fokus
  • Evne til å sjå og tenkje heilskap
  • God gjennomføringsevne
  • Inkluderande samarbeidsstil
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan trivast med å arbeide i team med ein krevjande pasientgruppe        

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir gode utviklingsmoglegheitar for den rette person
  • Gode høve til deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Frøydis Haugan
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 908 25 279
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen
sandviksleitet 1
5036 Bergen