Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit nært, spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!

Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter ein ny kollega og leiar. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. 

Vi får ledig fast stilling som Seksjonsoverlege i haust. Oppstart etter avtale. 

Vi søkjer deg som har erfaring innanfor generell gynekologi og obstetrikk, i poliklinikk og på operasjonsstova. Du må beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 5-delt med heimevakt på kveld og natt.

Vi har stort fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland og eventuelle kombiløsningar kan vere mogleg. 

Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga si vaktordning
  • Arbeide tett saman med direktør og dei øvrige seksjonsleiarane
  • Du er arbeidsgjevarrepresentant og balanserer dette klokt mot dine kollegaer
  • Du har overordna ansvar for pasientbehandling i din seksjon
  • Du har ansvar for økonomi, fag, kompetanse og fagleg utvikling på din seksjon
  • Ansvar for samarbeid med Kvinneklinkken på Haukeland
  • Personal- og budsjettansvar

Kvalifikasjonar

  • Klinisk erfaring frå offentlege sjukehus
  • Fordel med erfaring frå lokalsjukehus
  • Spesialist innan Fødselshjelp og kvinnesjukdommar
  • Erfaring frå prosjektarbeid, undervisning og/ eller leiing
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Engasjert for eit godt offentleg helsevesen
  • Opptatt av å sikre framtida til Voss sjukehus
  • Du er interessert i å utvikle og utøve godt leiarskap
  • Du jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
  • Du er god på tverrfagleg samarbeid
  • Du er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø og opptrer samlande for dine medarbeidarar

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hjå oss helsar vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit framifrå natur- og fritidstilbod
  • Eit ungt og kollegialt fellesskap

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Birte Toft Haugland
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 56533500
Navn: Birger Norderud Lærum
Tittel: Direktør
Telefon: 900 65 938
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss