Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi har hatt, og holder fortsatt på med, ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering. Dette har ført til flere nye ansatte det siste året, men vi vil gjerne ha flere på laget vårt. 
Molde sjukehus har eit fødselstal på over 700 born årleg. Utover obstetrikk har vi også eit godt gynekologisk tilbod ved begge sjukehusa i Klinikk SNR. Det kirurgiske tilbodet vårt held eit høgt nivå, og vi gjer det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. Vi samarbeider med Kristiansund sjukehus på ulike fagfelt innanfor gynekologi.
Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegane våre i Kristiansund, Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan også vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.

I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset rett utanfor Molde sentrum! Les meir om sjukehuset her

Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
  • Må meistre norsk/ skandinavisk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og samstundes fungere godt i team 
  • Du må vere motivert for fagleg utvikling
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Gode vaktordningar
  • Flyttestønad etter gjeldande reglement
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
    Eit godt fagleg miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Eva Bentz
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 71120000
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologisk poliklinikk Kristiansund og Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen