Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ved ortopedisk avdeling på Haugesund sjukehus søkjer vi no etter ein lege som ønskjer å spesialisere seg innan ortopedi.

Vi har eit vikariat ledig for LIS3, med moglegheit for forlenging i seks månader. Planen er å etablere eit utdanningssamarbeid med rotering til HSR, med tenkt oppstart hausten 2024. Stillinga er ledig frå september

Stillinga tilbyr eit utdanningsforløp som fører til spesialiteten i ortopedisk kirurgi, hovudsakleg gjennomført ved Haugesund sjukehus, med tilleggsutdanning ved Helse Bergen/Helse Stavanger.

Dette er ein LIS3-stilling som føreset at LIS1-tenesta er fullført.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i avdelinga si drift
  • Visittgang
  • Skadepoliklinikk og operasjonsassistanse
  • 7 delt LIS3 vakt bak LIS1
  • Deltaking i fagleg undervisning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå ortopedisk kirurgi eller spesielt interesse for faget
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig
  • har gode kommunikasjonsevner med pasientar og kollegaer
  • er ansvarbevisst
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • har gode evner til samarbeid

Vi tilbyr

  • 40 000 i rekrutterings og stabiliseringstillegg ved oppstart i stillinga
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Fra 01.01.25 tilbyr vi 

  • 15 000 i erfaringstillegg til alle LIS2/3 som har 2 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3
  • 15 000 i kontinuitetstillegg til alle LIS 2/3 som har 3 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Christer Holtan
Tittel: Avdelingsleder lege
Telefon: 52732420
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopedisk avdeling
karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND