Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du (eller blir du snart) spesialist i nevrologi og har stor interesse for faget?

Vi søkjer etter deg  som vil bidra til å vidareutvikle avdelinga vår. Vi treng  generell nevrolog, men vi har fordelt dei ulike fagfelta blant overlegegruppe.

Nevrologisk avdeling er organisert som ei eiga avdeling i medisinsk klinikk, saman med indremedisinske seksjonar, akuttmottak, habilitering og pediatri.

Avdelinga har poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 senger til slagpost. På poliklinikken har vi generell poliklinikk og tverrfagleg spesialpoliklinikk for dei ulike pasientgruppene. I avdelinga har vi for tida 8 overlegestillingar og 8 LIS 3 stillingar og vi er i stadig utvikling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset.

Sjukehuset har ei aktiv forskingsavdeling og ei radiologisk avdeling med mellom anna MR og DATscan.
Vi har godt samarbeid med dei andre nevrologiske avdelingane i Helse vest og deltek i fleire studiar.

Vi ser fram til søknaden din og vil intervjue kandidater fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

  • Overlege jobbar saman med LIS på sengepost og har eigen poliklinikk
  • Undervisning og rettleiing av LIS
  • Det er for tida 6-delt vakt for overlegane, men det blir planlagt 7- eller 8-delt vakt etter nye tilsetjingar. Aktiv vakt fram til kl 20.00 for overlegar;
  • Det er døgnkontinuerleg tillatevakt for LIS
  • Dersom søkjaren har godkjenning som nevrofysiolog kan det bli aktuelt med kombinert nevrolog-/nevrofysiolog stilling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som nevrolog er eit krav
  • Kandidater som snart er ferdig som spesialist og kan konstituerast, er også velkomne til å søkje
  •  Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein entusiastisk og omgjengeleg nevrolog 
  • har god motivasjon og interesse for fagfeltet
  • fokuserer på kvalitet
  • har høg arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår blir avtalt på grunnlag av gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset kan hjelpe til med å skaffa personalbustad
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Deltidsstilling kan drøftast om ønskjeleg
  • Vi vil leggje tilrette for vidareutdanning om det er behov for det

 

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: +47 94827389
E-post: kirsten.solstrand@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND