Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på høg faglegheit?

Augeseksjonen ved Klinikk SNR, Molde sjukehus har ledig eit vikariat for Lege i spesialisering auge. Tilsetting frå snarast, eller etter avtale.

Vi har for tida 4 overlegar ved seksjonen og 5 LIS. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom legar, sjukepleiarar og merkantilt personell ved seksjonen. Den største aktiviteten er ved poliklinikken med polikliniske konsultasjonar.

Nytt akuttsjukehus på Hjelset blir bygd, og vi vil flytte inn i splitter nye lokale frå våren 2025. 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.

Les meir om Molde og Romsdal her

Ved intern tilsetjing vil kortare vikariat vere ledig, spesifiser i søknad om du kan vere interessert i det.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i vaktordning i seksjonen
  • Ein vesentleg del av arbeidstida er poliklinisk arbeid, men også kirurgi i form av bl.a. okuloplastikk   

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Personleg eignaheit blir vektlagt
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Meistre nordisk språk munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Gode evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig
  • Trivst i eit hektisk miljø 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Marina Elnes
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Marina.Elnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
AUGE MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF
Parkveien 84
6412 Molde
Søk på stillingen