Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du bli med på laget?

I klinikk Volda har vi ein seksjon for medisinske legar. I sekjonen har vi 12 stillingar for overlegar, 10 stillingar for LIS 2/3 og 10 for LIS 1. Seksjonen vår er ein indremedisinsk seksjon for akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Vi er eit fagleg interessant og triveleg kollegium av overlegar og legar i spesialisering.

I Volda er vi oppteken av at du som tilsett blir sett og ivareteken fagleg og sosialt i utdanningsløpet som LIS. Dette for at du skal få eit best mogleg utdanningsløp, men og for at du skal ønske å kome tilbake som spesialist ved Volda sjukehus.

Vi har frå snarast ledig 100% LIS2/3-stilling

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i seksjonen si daglege drift, inkludert visittar, poliklinikk og vaktarbeid på felles intensivavdeling
  • Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
  • Gjennomføre diagnostiske og terapeutiske prosedyrar med rettleiing
  • Delta i tverrfaglege teammøter og bidra til god pasientbehandling
  • Følge opp pasientar i samarbeid med spesialistar og anna helsepersonell
  • Delta i undervisning og rettleiing av medisinstudentar og andre kollegar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS1-teneste
  • Erfaring frå og interesse for indremedisin og ynskje om å spesialisere seg innan indremedisinske felt
  • Gode norsk eller skandinaviske språkkunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å sikre kvalitativ pasientbehandling
  •  Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  •  Ei genuin interesse for indremedisin og ynskje kontinuerlig fagutvikling
  •  Opptre påliteleg og ta beslutninger under press, med fagleg støtte i bakhand

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar
  • Tilrettlagt for fagleg utvikling og spesialisering innan fleire indremedisinske fagområde
  •  Rettleiing og oppfølging av erfarne spesialistar som vil at du skal lukkast
  •  Stor grad av tilpasning av arbeidssituasjonen ut frå dine behov
  •  Sterkt tverrfagleg samarbeid
  •  Ein inkluderande arbeidsplass
  •  Løn etter gjeldande overeinskomstar
  •  Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Du finn Volda midt i det beste som Noreg kan by på av fjord og fjell. Her kan du oppsøke dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med fleire daglege flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Miriam Wiksnes
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillingen