Avdeling for medisinsk genetikk (MGM), Helse Bergen, har ledig 1 års vikariat 100% stilling som lege i spesialisering i medisinsk genetikk, med oppstart 01.01.2025. Anna startdato kan avtalast. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.
MGM er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt arveleg tilstand. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og merkantil seksjon.
Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan Medisinsk-genetisk poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft og Regionalt senter for presisjonsmedisin er også knytt til avdelinga.
Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve.
Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.
Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon for heile utdanningsløpet i medisinsk genetikk (60 månader). Ny utdanningsmodell for legespesialistar er innført frå mars 2019. Spesialiteten er utan del 2. (LIS går direkte frå del 1 til del 3). Utdanningsløpet kan avhenge av tidlegare erfaring og eventuelt særskild interesseområde. Individuell utdanningsplan vert utarbeidd med LIS i samband med tilsetjing.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.