Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Tenk å jobba som fastlege i Friluftshovudstaden i vakre Hardanger!
Vi har 3 ledige fastlegeheimar.
 
1 fastlegehjemmel ved Kinsarvik legekontor og 2 ved Odda legesenter
Listelengde mellom 600 - 850. Listelengde kan justerast.
 
I kommunen har vi totalt 16 fastlegeheimlar og 4 LIS1 legar fordelt på 4 kontor. Det er godt samarbeid mellom fastlegane,  fleire faglege fora, og eit godt miljø mellom gode og erfarne kollegaer.

Kinsarvik legekontor og Odda legesenter er nye og velutstyrte kontor i lyse og kjekke lokaler. Vi bruker InfoDoc Journalsystem, Norsk helsenett, e-resept og er tilkobla kommunalt meldingssystem

Inntil 20% av stillinga nyttast til kommunale oppgåver, ein administrativ dag i uka.

Ullensvang kommune er registrert som utdanningsvirksomhet og det vert lagt til rette for spesialisering med ALIS-avtale. Vi har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet, og har difor god erfaring med oppfølging av ALIS-legar.

Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 18-delt vakt, og fri med løn etter vakt. Konkurransedyktig lønn. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.
 
Søkjaren må ha:
  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Gjennomført LIS1 
●  Meistre norsk språk skriftleg og munnleg 
●  Ha gode samarbeidsevner 
●  Personleg eigenskap vert vektlagt 
●  Det må leggjast fram politiattest før tilsetting 
 
Kommunen kan tilby: 
  • Høgt fagleg nivå på tenesta
  • Fastlønn + insentiv
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Organisert spesialistutdanning innan allmennmedisin
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • God barnehagedekning 
  • Heimekontorløysning
 
  • Gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna- og Hardangervidda nasjonalpark innan kort rekkevidd. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjente turistattraksjonar. 
For mer informasjon om stillinga kontakt HTV Steffen Korsmo steffen.korsmo@ullensvang.kommune.no
 
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
 
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Kontaktperson
Navn: Therese Kolltveit
Tittel: Verksemdsleiar for legetenesta
Telefon: 915 66 097
Arbeidssted
Opheimsgata 31
5750 ODDA
Søk på stillingen