Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Søkjer du etter ei spennande utfordring? Vi har no ledig vikariat som LIS 2/3 innan fødselshjelp og kvinnesjukdom ved kirurgisk klinikk.

Stillinga inngår i 8-delt tilstadevaktteneste.

Eininga har 11 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp.

Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.

Arbeidsoppgåver

Klinisk arbeid på avdelingens poliklinikk, sengepost og operasjonsstue:

  • Gynekologisk avdeling
  • Føde/barsel avdeling
  • Poliklinikk
  • Ø.hjelps mottak
  • Elektiv og akutt kirurgi
  • Deltagelse i avdelingens undervisning
  • Rapportere og dokumentere i henhold til gjeldande lov og prosedyre

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført LIS 1
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • er sjølvstendig og nøyaktig
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • er personleg skikka for faget

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Ingvild Svåsand
Tittel: Funksjonsleiar - legar
Telefon: +47 52730000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Gynekologi legar, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND