Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling som overlege ved Medisinsk avdeling. Tilsetjing etter avtale. 

Stillinga er knytt til Medisinsk avdeling med for tida 6-delt generell indremedisinsk vaktordning for overlege som bakvakt for LIS 1 og LIS 2/3. Aktuelle spesialitetar kan vere nefrologi, kardiologi, lunge, gastro, hematologi, infeksjonssmedisin, akutt- og mottaksmedisin, geriatri og endokrinologi. Vaktordninga er basert på til stades- og heimevakt. 

Litt om avdelinga:
Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, høg aktivitet i poliklinikk, ein dagpost for medisinske kurar, dialyseavdeling og intensiv/overvakingsavdeling
med 6 sengeplassar. Det arbeider 20 legar ved avdelinga: 7 overlegar, 8 LIS 2/3 og 5 LIS1. I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. 

Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar me avlastar Haukeland universitetssjukehus for, frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. 

Litt om Voss:
Voss herad aukar folketalet og har for tida 15.800 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar samt ein flott golfbane. Me har gode rabattordningar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Dagbehandling
  • Vurdering av tilvisingar
  • Visitt på sengepost
  • Delta i indremedisinsk bakvakt
  • Rettleiing og undervising av LIS2/3

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i relevant fagfelt innan indremedisin
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø 
  • Du har engasjement for fagfeltet og ynskjer å vidareutvikle kompetansen din 
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring 

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende.
  • Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver 

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og trivleg arbeidsmiljø. Hjå oss helsar me på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur me er stolte av 
  • Ein sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kulturbygder, og tek vel i mot nye innbyggjarar 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med å finne passande bustad 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Gro Lillegraven
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
E-post: glil@ihelse.net
Navn: Magnus Wiger Austefjord
Tittel: Overlege
Telefon: 56 53 35 00
E-post: amagnu@ihelse.net
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss