Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus søker engasjerte legar som ønsker spesialisering i akutt- og mottaksmedisin.
Klinikken har seks einingar som gir eit breitt og variert arbeidsområde: Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Vi tilbyr ein spennande og utfordrande arbeidshverdag med høgt tempo og tverrfagleg samarbeid.
I 2023 blei 45 000 pasientar behandla i Akuttmottaket, og nærare 13 000 pasientar fekk innlegging på Mottaksklinikken sine sengepostar. Klinikken er ein del av Helse Bergen og har fleire store kliniske forskingsprosjekt, og vi oppfordrar alle søkarar som er interesserte i forsking til å søke.
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, og dei fleste læringsmål i LIS 2 for alle indremedisinske spesialitetar. For søkarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta initialt fokusere på LIS 2 mål for indremedisin, for meir erfarne søkarar vil tenesta vere mer retta mot LIS 3 læringsmål i Akutt- og Mottaksmedisin med spissa teneste i Akuttmottaket. Det kan påreknast rotasjon til andre avdelingar på sjukehuset for å nå læringsmål lengre ut spesialiseringa.
Vi har ledig 100% fast stilling og 100% vikariat i 12 månader. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Ta gjerne kontakt dersom du har nokre spørsmål. Vi behandlar søknadene og kallar inn til intervju etter kvart som dei kjem inn, så vi oppmodar deg til å søke tidleg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.