Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Avdeling for akuttmedisin, Førde sentralsjukehus har ledig tre faste stillingar for LIS 2/3 anestesi. Oppstart stilling etter nærare avtale. 

Avdeling for akuttmedisin har 16 overlegar og 8 LIS 2/3 ved avdelinga. 

Ved eventuell tilsetting av person som pt er i internt vikariat, vil det bli ledig vikariat t.o.m 31.05.2026. Vi ber om at du angir i søknaden om dette er aktuelt for deg dersom du ikkje blir tilsett i den faste stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • LIS 2/3 anestesiologi får utdanning og supervisjon på anestesi og intensiv ved Førde sentralsjukehus
  • Dei deltek i alle dei daglege aktivitetane ved anestesiavdelinga sin legeseksjon inne på sjukehuset
  • I tillegg går LIS 2/3 6-delt forvakt
  • Undervisningsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Godkjend norsk autorisasjon som lege. Norsk turnusteneste er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Relevant erfaring/kompetanse for å tileigne seg faget vil bli vurdert.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Utvise god vurderingsevne, og kunne arbeide strukturert og målretta
  • Interesse og motivasjon for fagfeltet. Inkluderer blant anna motivasjon for å utvikle eigen kommunikasjon samt si eiga rolle i akuttmedisinsk teamarbeid.
  • Gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga. 
  • Oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Følgjer opp delegerte oppgåver
  • Innsikt i eigne forutsetningar og kompetansenivå, ber om hjelp når det er nødvendig
  • Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra aktivt til fagleg utvikling, opplæring og undervisning ved avdelinga

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø i ei avdeling med sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Gregers Halvorsen
Tittel: Seksjonsleiar AAM legar Førde
Telefon: (+47) 918 80 015
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for akuttmedisin, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen