Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering/ LIS 2/3 i fordøyelsessjukdommar med tilsetjing mars 2025. Vi prioriterer søkarar med interesse for utdanning til spesialiteten fordøyelsessjukdommar, men som ein del av medisinsk klinikk tilbyr vi og ei komplett utdanning som dekker heile løpet og alle læring mål i indremedisin og fordøyelsessjukdommar. For søkarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta i starten fokusere på felles indremedisinske læringsmål. Vi tilbyr tidleg introduksjon til relevante prosedyrar innan fordøyelsessjukdommar. Tenesta, inkludert behov for sideutdanning vil gå føre seg ved rotasjon mellom fagspesifikke indremedisinske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

Seksjon for fordøyelsessjukdommar er ein av 5 seksjonar i medisinsk klinikk og har 13 overlegar, 5 professorar i bistilling og 6 legar i spesialisering. Seksjonen diagnostiserer og behandlar pasientar med fordøyelsessjukdommar og har ansvar for sengepost med 16 senger, endoskopieining og poliklinikk. Seksjonen har spesialisert vaktteneste med endoskopiberedskap. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer arbeid på sengepost, poliklinikk, endoskopiske prosedyrar, ultrasonografi og generell indremedisinsk vaktteneste i 13 delt døgnvakt knytta til medisinsk akuttmottak og medisinske sengeposter. Mot slutten av tenesta tilstreber vi konstituering i seksjonert bakvakt. 

Saman med Universitetet i Bergen har seksjonen ei omfattande forskingsverksemd. Det oppfordres til å delta i forsking og fagleg utviklingsarbeid. Stillinga inneber og undervisning av medisinstudentar.  

Arbeidsoppgåver

  • Delta i seksjonen sine ulike aktivitetar
  • Delta i medisinsk forvaktsordning
  • Delta i undervisning i Medisinsk klinikk og seksjon for fordøyelsessjukdommar
  • Klinisk undervisning for studentar inngår i oppgåvene 

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i indremedisin
  • Ved rangering blir det lagt vekt på gjenståande tid til spesialitet, opparbeida kompetanse og referansar/personlege eigenskaper
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for indremedisin og fordøyelsessjukdommar
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til pasientretta arbeid
  • Bør vere ryddig, godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevne og beherske norsk språk godt munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking 
  • Utdanning i komplette utdanningsløp i indremedisin og fordøyielsessjukdommar 
  • Lønn og pensjonsforhold etter gjeldande avtalar 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Trond Engjom
Tittel: Seksjonsoverlege
E-post: trond.engjom@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Medisinsk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen