Kort om arbeidsgiver
Velkommen til Alver kommune!
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Om Knarvik legekontor og fastlegelistene
Knarvik legekontor ligg i Knarvik, som er administrasjonssenter i Alver kommune. Det er gangavstand til kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 20 minutter). Køyretid med bil frå Bergen er omlag 30 minutt. Vi har parkering ved kontoret.
Vi søkjer no etter fastlegar som kan ta over ansvaret for pasientlistene som i dag er knytt til 2 heimlar. Fastlegelistene ved Knarvik legekontor er godt ivaretakne av erfarne og stabile fastlegar over fleire år. Den eine heimelen har 2000 pasientar, og den andre har 1400 pasientar. Vi vil gjerne komme i dialog om ønskjeleg listelengde, og ser for oss at vi har behov for 3 legar.
Knarvik legekontor er eit kontorfelleskap med 4 fastlegeheimlar, organisert som DA ( delt ansvar), og ein LIS 1 lege. Legane får utbetalt basistilskot etter § 8.1. Kommunen dekker 1/5 del av kostnadane for LIS 1 legen. Praksisen har tilsett hjelpepersonell i 3,3 årsverk, det er eit velfungerande forkontor med god kompetanse. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har eigen servarløysing med Infodoc Sky. Lokala er gode og tenelige. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Legane har sjølv ansvar for hjelpepersonell, drift og utstyr. Legekontoret leiger lokale via kommunen. For meir informasjon om Knarvik legekontor kan dagleg leiar Kamil Daibes kontaktast på epost: rnine2003@hotmail.com.
Nye heimelshavarar må bli einig med fratredande legar om vilkår for overdraging av praksis, og inngå internavtale med legane ved kontoret. Husleigeavtale vert inngått direkte med kommunen.
For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering):
For legar under spesialistutdanning tilbyr vi ALIS-avtale på gode vilkår. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Her kan du som er nyutdanne lese meir om ALIS-løpet.
ALIS-tilskudd - Allmennleger i spesialisering (ALIS)
Om offentleg allmennmedisinsk arbeid og legevakt:
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik, 2 minuttars gange frå Knarvik legekontor. Vaktbelastninga for fastlegar som deltek er gjenomsnittleg to vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt etter eigen timesats. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er mindre vaktbelastning på natt for fastlegane i kommunen.
Det er p.t. ikkje knytt offentleg arbeid allmennmedisinsk arbeid til heimlane. Dersom det vert aktuelt med offentlig allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale jf. ASA 4310.
Alver kommune har vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her:
Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net). Kommunen har og ein generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin, godkjent i lokalt samarbeidsutval i 2024:
Generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin - Alver kommune
Ved søknad på stillinga ber vi dykk kysse av på alternativa på ønskjer om listelengde som de finn i skjema. Vi ser det kan vera behov for individuelle tilpassingar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som fastlege med ei godt opparbeidd og ivaretatt fastlegeliste
- Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
- Delta i interkommunal legevakt i Nordhordland på kveld, natt og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter per måned.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
- Fullført LIS 1 ved oppstart
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
- Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning. Vi kan tilby ALIS avtale.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
Kven er du?
Vi søkjer etter legar som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgjeveransvar for tilsette på forkontoret.
Personlege eigenskaper vert lagt vekt på.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod. Er du nyutdanna vil du bli godt ivaretatt på kontoret.
Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.