Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som overlege og eit vikariat i 12 månader som overlege. Dette er ein spennande moglegheit til å bli ein del av ein av dei største og mest avanserte karkirurgiske avdelingane i Noreg.
Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar. Vi utfører mellom anna open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Avdelinga har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og andre spesialitetar. Vi er eit tertiærsenter for heile Vestlandet og dekker alle karkirurgiske problemstillingar i regionen.
Vi har omfattande poliklinisk og dagkirurgisk verksemd og eit eiga sirkulasjonslaboratorium. Avdelinga er i ferd med å bygge opp eit forskingsmiljø og har PhD-kandidatar.
Det blir forventa at du som overlege bidrar til forsking og undervisning, inkludert rettleiing av medisinstudentar og LIS-legar.
Avdelinga har 6-delt bakvaktordning med passiv nattvakt. LIS-legar i karkirurgi har eige forvaktsjikt fram til kl. 20 på kvardagar, og i tillegg er det deltaking av to karkirurgiske Lis 2 i eit døgnbasert forvakssjikt. Det er 14 legestillingar knytt til Karkirurgisk avdeling.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.