Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du være med på ein jobb der ingen dagar er like, og hvor du kan gjere ein forskjell for barn og unge?

Hos oss møter du eit engasjerande og givande arbeidsmiljø, fylt med dyktige kollegaer, godt humør og ekte arbeidsglede. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med på laget!

Barne- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.  Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3 ledig frå 01.03.2025, med moglegheit for tidligare oppstart.    

Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. 

👉 Søk no og bli med på laget vårt!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd

Personlege eigenskaper vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er fleksibel
  • trivst med teamarbeid
  • er sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Anne Margrethe Øritzland
Tittel: Avdelingsleiar, Barne- og ungdomsavdelinga
Telefon: 91875039
E-post: anne.margrethe.oritzland@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Barneavdelinga, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen