Voss sjukehus, Helse Bergen har ledig faste stillingar for LIS2 i Indremedisin ved Medisinsk avdeling. For LIS2 tilbyr me spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Cand.med. kan og søkje og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar. Vikariat vil vere til 31.08.2025 og høver godt for legar som har fullført medisinstudiet og ventar på LIS1 teneste. Ynskjeleg med snarleg oppstart ev. etter avtale.
Medisinsk avdeling
Sjukehuset er ein viktig læringsarena for både cand.med., LIS1 og LIS2/3. Me har eit godt kollegialt miljø og dagleg tverrfaglege samarbeid med andre profesjonar. I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg
Om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det fleire pasientar frå Bergen og andre kommunar i indre Sogn.
Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
For LIS2:
For cand.med.:
For LIS2:
For cand.med.:
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.