Er du ein lege med hjarte for førebygging og eit helsefremmande arbeidsliv?
Vi søker ein dyktig overlege/bedriftslege til 100% fast stilling i Bedriftshelsetenesta ved Helse Bergen. Her får du ein unik moglegheit til å bruke din kompetanse i eit sterkt fagmiljø som arbeider for trygge, sunne og helsefremmande arbeidsplassar.
Som bedriftslege vil du spele ei viktig rolle til å utvikle arbeidsmiljøe for våre tilsette. Dette er ei stilling med stor fagleg variasjon, moglegheiter for utvikling og direkte påverknad på helse i arbeidslivet.
Om stillinga
Kort om Bedriftshelsetenesta:
Bedriftshelsetenesta (BHT) bistår Helse Bergen i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset. BHT er ein fagkyndig og rådgivande teneste innan førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Vi er ei tverrfagleg samansett gruppe som ivaretar områda innanfor: arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, smittevern for tilsette, ergonomi og systematisk HMS-arbeid. BHT har for tida ni medarbeidarar beståande av, bedriftsjordmor, bedriftssjukepleiarar, bedriftsfysioterapeutar og yrkeshygienikar. BHT er del av Personal- og organisasjonsavdelinga der over 70 kollegaer tilbyr rådgiving og utviklingsstøtte på heile HR-området.
Bedriftshelsetenesta har eit fagleg samarbeid med Yrkesmedisinsk avdeling. Bedriftslegen vil også ha eit fagleg nettverk med andre profesjonar ved sjukehuset, og med bedriftslegene i dei andre føretaka i Helse Vest.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.