Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig stilling som lege i spesialisering i hjartesjukdommar. Stillinga er ledig frå primo mars, med moglegheit for tidlegare start. Den som blir tilsett, tar del i vaktordninga for Hjarteavdelinga. 

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakingsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining, ein stor torakskirurgisk post, eiga pacemaker-operasjonsstove, fire torakskirurgiske operasjonsstover medrekna hybridstove, tre laboratorium for koronar angiografi/PCI, to elektrofysiologilaboratorier og fleire spesialpoliklinikkar.

Stillinga tel som del av spesialistutdanninga innan indremedisinske fag og hjartesjukdommar. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Arbeidsoppgåver

  • Primærvakt for Hjarteavdelinga
  • Poliklinikk
  • Visittgang og postdrift
  • Opplæring og deltaking i ulike kardiologiske prosedyrar
  • Undervisning
  • Forsking/kvalitetssikring

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i hjartesjukdommar
  • Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Lønn i tråd med tariffavtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Overlege
Telefon: 55976736
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hjarteavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen