Vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, men kan og gjere djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Klinisk nevrologisk undersøking er og blir ett av våre fremste verkemiddel. Tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane.
Som svar på aukande behov, satsar Helse Bergen no på forsterka tenester, spesielt med auka ressursar til Nevrologisk forvakt frå våren 2025. Nevrologisk avdeling har difor glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 3 vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Oppstart for stillingane er 01.03.2025 eller etter avtale. Vikariata har 12 månadars varigheit, og med gode høve til forlenging og vidare spesialisering i Nevrologi.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i høve til erfaring og kompetanse.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Fast stilling vil bli omgjort til stilling som legespesialist etter fullført spesialisering
Om du er interessert i forsking, er det gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp, då vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga.
Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.
Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.