Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du ein ortopedspire i magen? Då oppfordrar vi deg til å søkje og bli ein del av vårt team på Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus.

Hos oss får du tett oppfølging av faste ortopedar. Vi har 4 årsverk for overleger og 3 LIS-stillingar innan ortopedi. Avdelinga har stor aktivitet innan øyeblikkeleg hjelp, elektiv kirurgi og skadekirurgi. Du vil få mykje erfaring innan brotbehandling, protesekirurgi, scopiar i skulder/kne, hallux valgus og hand-/fotkirurgi. Stord sjukehus er eit akutt-sjukehus med traumefunksjon, og ortopediske legar deltek i traumeteamet.

Startar du utdanninga di hos oss, vil du vere godt rusta når du skal vidare i spesialisering. Fordelen med å vere LIS 3 innan ortopedi ved Stord Sjukehus er den tette oppfølginga. Her blir du fort sjølvstendig på inngrep, og du har det triveleg på jobb. Du blir raskt kjent med alle, får mykje ansvar, men også god supervisjon.

Vi har no 2 LIS 3-stillingar ledige innan ortopedi. Hos oss får du godkjenning av dei fleste læringsmåla for del 3. Du får fullført dei resterande læringsmåla i løpet av 18 månader med spesialisering ved universitetssjukehus. Vi har avtale med Ortopedisk avdeling på Haukeland sjukehus og vi legg vekt på at du skal få gjennomført dei nødvendige kursa gjennom heile perioden de er her.

Fagområda hos oss
Er du usikker på om ortopedi er vegen du ønskjer å spesialisere deg innan? Hos oss har vi felles vaktordning for LIS innan generell kirurgi og ortopedi. Det betyr at du på vakt får ansvar for begge fagområda og du vil også få erfaring innan generell kirurgi. I dag har vi 6 LIS i rotasjon, men vi jobbar no med å rekruttere slik at vi kan starte opp ny tenesteplan med aktiv vakt i 7- eller 8-delt vakt. Vi håpar å få dette på plass i løpet av 2025. Jo raskare vi får rekruttert gode medarbeidarar, jo raskare får vi endra tenesteplanen.

Har du lyst til å lære meir om kroniske sår og avansert sårbehandling? 
Hos oss har vi ei av landets første sårpoliklinikkar, med stor aktivitet, som du får god innføring i. Her er vi langt framme i avansert sårbehandling og har ein av landets beste og mest dedikerte overlegar innan dette feltet i avdelinga. Samarbeidet med teamet på sårpoliklinikken vil gi deg mykje ansvar og du vil lære mykje.

Kirurgisk avdeling har ein aktiv sengepost med 18 senger. Liggetida er kort, og utskiftinga av pasientar i løpet av dagen er stor. Vi har 4 operasjonsstover og ein dagkirurgisk avdeling. Stord Sjukehus er del av Helse Fonna, og vi får pasientar til ØH-operasjonar frå heile Helse Fonna sitt område.

Søk no og bli ein del av vårt flotte team!

Arbeidsoppgåver

  • Utdanningsstilling i Ortopedisk kirurgi
  • operativ virksomhet, post og poliklinikk
  • Primærvakt som innbefatter mottak av både ortopediske og kirurgiske pasienter på vakt tid
  • Opplæring og veiledningsansvar til Lis1 og Hospitanter

Kvalifikasjonar

  • Godkjent Lis 1 tjeneste
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norsk kunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere med annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregående skule, må ha bestått Bergens testen, eller anna norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søkanden. 

Personlege eigenskapar

  • Faglig dyktighet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Du må kunna arbeide målretta og strukturert, både sjølvstendig og i team
  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Det vert gjeve ansiennitetstillegg slik at lIS 2/3  startar i lønnskategori B
  • Rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 40 000,- 
  • Boliger på sjukehusområdet som kan disponeras i en overgangsperiode. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Bodo Gunther
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 53 49 10 00
E-post: bodo.erhardt.gunther@helse-fonna.no
Navn: Aud Lisa Kjøl
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 41249100
E-post: aud.lisa.kjol@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgisk avdeling Stord sjukehus
tysevegen 64
5416 STORD
Søk på stillingen