Kort om arbeidsgiver
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har 19 600 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!
Det er ledig stilling som kommunalt lønna ALIS lege i Hå i fyrste omgang ved Varhaug helsesenter for å dekka opp svangerskapsvikariat. Kommunen har ei rekke ALIS legar og legar som skal ha spesialistpermisjon. Stillinga er i denne omgang 1 års varighet men det kan verta aktuelt med forlenging.
Hå kommune tilbyr veiledning og utdanning som spesialist i allmennmedisin. Dei tre kommunale legekontora har stabil legedekning og gode organisatoriske forhold. På Varhaug legesenter er det ei god gruppe erfarne fastlegar og sjukepleiar som jobbar godt ilag som team.
Me har fastlønn med bonus, der er ingen utgifter, ingen bekymring for husleige, dyr straum, økte utgifter til utstyr og ansatte, ingen administrative oppgaver opp mot personal, drift, data, økonomi. Fri med lønn ved sjukdom, kurs, sjuke barn, svangerskapspermisjon, farspermisjon, dekning av kursavgifter +++ , permisjon ved videreutdanning uten at du selv må ordne vikar.
Fastlegane deltar i anna kommunalt legearbeid inntil 20 % om ikkje anna er avtalt.
Fastlegane deltar i legevakt, legevakta er døgnbemanna med sjukepleier og nattevakt er interkommunal. Det er gode vikarordninger og stort sett moglegheit til å tilpassa vaktbelastninga etter eige ynskje.
Hovudandelen av fastlegane i kommunen er erfarne spesialistar i allmennmedisin og me har gode ordningar for individuell veiledning samt nettverk for legar i spesialisering.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med kommuneoverlegen som og kan formidla kontakt til ein av fastlegane på Varhaug.
Kvalifikasjonar
- gjennomført Lis 1
- god kunnskap om norsk lovverk
Personlege eigenskapar
- interesse for allmennmedisin
- evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personleg egnethet og lokal tilknytning vert vektlagt.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i
PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (
https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.