Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege, psykologspesialist og psykolog. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med to psykiatrar og psykologspesialist.
Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til
pasientgruppa.


Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken
gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,
Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har
klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på
Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda
psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter to overlegar i 100% fast stilling til fagområdet
psykose. Stillingene gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide
intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere
noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikken
har ei kognitiv behandlingstilnærming.

Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:

  • Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
  • Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 150 pasientar i behandling

Bjørgvin psykose døgnbehandling: 

  • Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
  • Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri 
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Wenny Karin Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90980134
Navn: Nadya Selvik
Tittel: Overlege
Telefon: 55957000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen
Tertnesveien 37
5113 Tertnes
Søk på stillingen