Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har to ledige vikariat for LIS 2/3 i medisinsk biokjemi, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).  

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei avdeling i  Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus, og har omkring 350 tilsette. Avdelinga har tre legegrupper: Seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet si legegruppe og Seksjon for klinisk farmakologi. Avdelinga har 11 analytiske seksjonar, samt eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. 

Det eine vikariatet er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har tre overlegar og fire LIS. To overlegar har bistilling  ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen.

Det andre vikariatet er knytt til legegruppa i Seksjon for medisinsk biokjemi, som i dag har åtte overlegar, der seks overlegar har hovudstilling i Helse Bergen, medan dei to andre har graderte stillingar. I tillegg er det éin legespesialist samt to LIS.

MBF har ein omfattande rutineaktivitet som inkluderer alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga har eit av landets breiaste tilbod innan endokrine markørar. Avdelinga driv forskingsaktivitet knytt til fleire av fagområda innan medisinsk biokjemi , laboratorieendokrinologi og klinisk farmakologi.  

Stillingane er vikariat med moglegheit for forlenging. Cand.med. kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar.

Arbeidsoppgåver

  • Vaktordning innanfor normal arbeidstid
  • Vurdering og kommentering av analysar i medisinsk biokjemi/hormonanalysar
  • Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre 
  • Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
  • Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi 
  • Cand.med. kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
  • Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
  • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
  • Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta 
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Du kan følge opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
  • Full spesialistutdanning i medisinsk biokjemi inkludert sideutdanning dersom behov
  • Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi 
  • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Kristin Viste
Tittel: Seksjonsoverlege Hormonlaboratoriet
Telefon: 55977812
E-post: kristin.viste@helse-bergen.no
Navn: Kristin Holstad
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 55973238
E-post: kristin.holstad@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Haukelandsbakken 49
5009 Bergen
Søk på stillingen