Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du eit brennande engasjement for palliasjon, eller kanskje ønskjer du å bygge kompetanse innan faget? Då kan denne stillinga vere noko for deg!

Palliativt team i Ålesund har ledig 100 % fast stilling som overlege. Stillinga kan tilretteleggast dersom det er ønskeleg med lågare stillingsprosent. Arbeidstid er primært dagtid måndag til fredag. Utifrå kva kompetanse du har, vil det kunne bli vaktarbeid i sengeposten. Stillinga er ledig frå snarast og startdato kan avtalast.

Palliativt team er ei gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innan palliasjon. Teamet består av spesialsjukepleiarar, lege, sosionom og fysioterapeut. Tilbodet vårt har fram til no vore retta mot pasientar med kreft og ALS, men vi er no i ein prosess der vi skal utvide dette tilbodet til å gjelde pasientar med andre diagnosar.

Vi arbeider tett med andre avdelingar i sjukehuset, kommunehelsetenesta og fastlegar, og vi har ei særskilt oppgåve med å spreie kompetanse og rettleie i palliasjon. Vi har poliklinisk og ambulerande verksemd, og har frå januar 2025 seks palliative senger i sengepost for kreft og blodsjukdomar.

Palliativt team er godkjent utdanningsinstitusjon for palliasjon. Vi søkjer etter ein overlege med relevant spesialitet og med eit engasjement for palliasjon.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

Som lege i palliativt team har du ansvar for å yte avansert medisinsk behandling til pasientar i palliativ fase av sin sjukdom. Vi jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling og symptomlindring.

  • Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, heimebesøk, vurdering av tilvisingar, tilsyn av pasientar ved ulike sjukehusavdelingar og visitt og anna arbeid knytt til pasientar i palliativ seng
  • Rådgjeving til helsepersonell og rettleiing av kollegaer
  • Delta i kliniske studiar
  • Undervisning
  • Nettverkssamarbeid
  • Delta i vidareutvikling og nyskaping av tilbodet i seksjonen vår

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • God kjennskap til både kommune- og spesialisthelsetenesten. Det kan vere ein fordel om du har lang erfaring som lege
  • Spesialisering innan palliasjon eller andre relevante fagområder vil vere ein fordel
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
  • Du likar å undervise og veilede, du deler kunnskap med andre
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og framtidsretta
  • Du har engasjement for samhandling på tvers av tenestenivå
  • Du viser fagleg engasjement for arbeidet ditt
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du medverkar til godt tverrfagleg samarbeid
  • Du er innovativ og nyskapande

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hans Jakob Hunnes
Tittel: Konstituert overlege
Telefon: 70106913
E-post: hans.jakob.hunnes@helse-mr.no
Navn: Liv Bodil Angvik Ipsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70106985
E-post: Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftbehandling og palliasjon Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen