Augeavdelinga, Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for overlege (oftalmologi). Oppstart 10.03.2025.
Vi søkjer overlege med godkjent spesialisering i oftalmologi.
Augeavdelinga har 8 legestillingar, derav 4 LIS, optikar, og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, i tillegg til høg kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber arbeid som overlege ved augeavdeling/poliklinikk
- Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
- I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
- Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer søkjar med erfaring i oftalmologi
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning
frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og
kompetanse