Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ledige stillingar som bedriftslege/arbeidsmedisinar i 100% stilling eller redusert stilling.

Vi treng fleire legar i Bedriftshelse1 sine regionar midt og nord. Aktuelle kontor er i Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn eller Høyanger. 

Har du lyst på ein spennande og engasjerande jobb som bedriftslege, så er dette rette jobben for deg.

Legane samarbeider med yrkeshygienikarar, sjukepleiarar og fysioterapeutar med felles mål om eit best muleg arbeidsmiljø ute hjå våre kundar. Legane er medisinsk fagleg ansvarleg. Å jobba med  store industribedrifter som vi har mange av, er noko av det som gjer denne jobben ekstra utfordrande og interessant. Vi har ein hektisk, men kjekk kvardag og samarbeider svært godt med våre kundar. 

Arbeidsmedisin er det medisinske fagområdet som handlar om forholdet mellom arbeid og helse.

Bedriftslegen skal:
•     Arbeide med å førebygge arbeidsrelaterte sjukdommar og skadar 
•     Ha helsefagleg/medisinsk ansvar og gi råd og rettleiing til kundar og kollegaer
•     Yte bistand ved rehabilitering og ved oppstått arbeidsrelatert helseskade

Stillinga krev at du har:

Høg arbeidskapasitet, er initiativrik og motivert.

Førebyggjande og helsefremmande arbeidsmiljøoppgåver:

•    Bidra til at arbeidsgivaren får oversikt over helseforholda hjå arbeidstakarar som er utsett for arbeidsrelatert sjukdoms-/ulykkesrisiko, samt bidra til at relevante tiltak blir sett inn. Risikovurderingar og kartleggingar av arbeidsmiljøet
•    Undersøke og evt. følge opp pasientar med arbeidsrelaterte sjukdommar, og føreta utredning av sjukdomstilfelle der arbeidet kan være årsaksfaktor. Studere korleis fysiske, kjemiske, biologiske, psykososiale og organisatoriske forhold i arbeidsmiljøet verker inn på individet si arbeidshelse. Sjukefråversoppfølging og arbeidsmiljøvurderingar.
•    Vere konsultasjons- og informasjonsorgan for bedrifter og enkeltpersonar i arbeidsmedisinske spørsmål. 
•    Kurs/undervisning til kollegaer og kundar i systematisk arbeidsmedisinsk arbeidsmiljøarbeid 
•    Helsesertifiseringar for offshore, sjømann, røykdykkar, jernbanepersonell mfl.
•    Medisinsk ansvar for målretta helseundersøkingar ut frå eksponering i arbeidsmiljøet
•    Rådgjeving og oppfølging av sjukefråver/sakkyndig arbeid med arbeidsevnevurderingar
Kvalifikasjonar:
•    Norsk autorisasjon som lege, gjerne med erfaring frå bedriftshelseteneste/HMS-arbeid
•    Det er ein fordel med spesialisering innan arbeidsmedisin, samfunnsmedisin eller annan spesialitet, men ikkje eit krav. Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
•    Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
•    Evne til å jobbe i team, vere engasjert og finne gode løysingar i samarbeid med øvrig fagpersonell 
•    Evne til å knyte gode relasjonar til ulike kundar og arbeidsmiljø
Må ha førarkort og bil til disposisjon, noko reiseaktivitet må påreknast. 

Vi tilbyr:

Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver med høgt fagleg fokus
•    Gode mulegheiter til påverknad
•    Tverrfagleg, spennande og godt arbeidsmiljø med fleire andre bedriftslegar og øvrige tilsette
•    Fagleg oppdatering/vidare- og etterutdanning
•    Tilbod om spesialisering innan arbeidsmedisin (LIS)
•    Godt tilrettelagt for fagleg og personleg utvikling og stor fleksibilitet i utforming av arbeidsdagen. Opplæring blir gitt
•    Svært gode pensjonsordningar og personalforsikringar
•    Fast arbeidstid  med betalt matpause og fri laurdag og søndag
•    Lønn og andre vilkår etter avtale
•    Bedriftshelse1 utvidar si verksemd og er i vekst
 
Søknad med CV og vitnemål  sendast til:  post@bedriftshelse1.no.
Søknader blir vurdert fortløpande.
Spørsmål om stillingane kan rettast til adm.direktør Randi Marie Sjøholt mobil: 95 23 58 74, arbeidsmedisinar Morten Langeland mobil: 95 72 63 63 eller bedriftslege Jacob Andersen mobil: 96 79 82 92

Søknadsfrist: 09.03.2025
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Bedriftslege
Arbeidsgiver
Bedriftshelse1
Sunnfjord, Nordfjord, Sogn
Kontaktpersoner
Navn: Randi Marie Sjøholt
Tittel: Administrarende direktør
Telefon: 95235874
E-post: randi.marie.sjoholt@bedriftshelse1.no
Navn: Morten Langeland
Tittel: Bedriftslege og arbeidsmedisiner
Telefon: 95726363
E-post: morten.langeland@bedriftshelse1.no
Navn: Jacob Andersen
Tittel: Bedriftslege og samfunnsmedisiner
Telefon: 96 79 82 92
E-post: jacob.andersen@bedriftshelse1.no
Søknad
Søknad merkes: Bedriftslege
Send søknad på mail
Arbeidssted
Vestland fylke
Fossetunet 1 A, 6856 Sogndal
6856 SOGNDAL