
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi har ledig eit 4 månaders vikariat som LIS 2/3, med oppstart 01.01 2026, eller så snart som mogleg etter avtale.
Avdeling for Bryst- og Endokrinkirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus. Aktiviteten i avdelinga dekker alle område innan utgreiing og behandling for fagområdet Bryst- og Endokrinkirurgi (brystkreftkirurgi/thyreoidea- og parathyreoideakirurgi/binyrekirurgi). Vi har oppgåver som lokalsjukehus i Helse Bergen og Regionsjukehus i Helse Vest. Avdelinga har eit veletablert tverrfagleg samarbeid klinisk og forskingsmessig innan brystkreft og endokrinkirurgi. Vi har kvart år om lag 700 inngrep på bryst, 400 inngrep på thyreoidea/parathyreoidea og 30-40 inngrep på binyrer. Det er årleg om lag 7000 polikliniske konsultasjonar. Den ansatte vil ha oppgåver innan klinisk arbeid knytt til sengepost, poliklinikk og operasjon. Vi legg vekt på at den som blir ansatt har gode evner til kommunikasjon og evne til samarbeid .
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.