Øyre-Nase-Hals avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS2/3 i perioden 01.03.2026 - 31.08.2026.
Øyre-nase-hals avdeling har per no 5 overlegestillingar og 4 LIS, vi har i tillegg audiografar, søvnsjukepleiarar og sjukepleiarar. I seksjon for kjevekirurgi, er det tilsett oralkirurg, tannhelsesekretærar og sjukepleiar.
Allmennlegar med behov for erfaring i spesialisthelsetenesta oppfordrast også til å søkje, men vi tilbyr tenestetid på 12, ikkje 6 månader.
Helse Førde har avtale med Helse Bergen om gjennomføring av gruppe 1 teneste.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinikk
- Høyresentral
- Søvnpasientar
- Allergiutgreiing/allergivaksinasjon
- Sengepostarbeid
- Operasjonar i lokal- og generell anestesi
- Vakt funksjon – per no: firedelt vaktfunksjon for LIS, passiv vakt med overlege i bakvakt
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon
- Fullført LIS1 utdanning
- Søkjarar utanfor skandinavia må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ein vektlegg tidlegare erfaring frå ØNH faget eller anna, relevant klinisk erfaring
- Fordel med kjennskap til relevante elektroniske program for pasientinformasjon/dokumentasjon, samt å effektivt lære seg nye verktøy
Personlege eigenskapar
- Søkjar bør ha evner til å takle ein travel kvardag ved avdelinga
- Gode samarbeidsevner og fungere godt i teamet
- Engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskje om å vidareutvikle kompetansen
Vi tilbyr
- Løn etter avtalefesta tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.