Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge (0–18 år) i ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Hos oss har vi to poliklinikkar og ein sengepost, og har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt – med både for- og bakvaktsordning.
Vi er ca 56 behandlarar, inkludert 8 overlegar og 7 legar i spesialisering. Som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri legg vi stor vekt på fagleg utvikling, rettleiing og samarbeid.
Er du ein entusiastisk og engasjert overlege som vil bli ein del av vårt tverrfaglege miljø – med gode kollegaer, spennande arbeidskvardagar og høve til å gjere ein reell forskjell for barn og unge i vår region?
👉 Då må du søkje no – og bli med på laget som formar framtida for barne- og ungdomspsykiatrien!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom frå 0 til 18 år (pakkeforløp).
- Kontakt med og rettleiing av foreldre og instansar rundt barn og unge.
- Deltaking i bakvaktordning for legar.
- Rettleiing av LIS, undervisningsoppdrag, rettleiing av studentar og anna helsepersonell.
- Vere ansvarleg spesialist for ikkje-spesialistar.
Kvalifikasjonar
- Dokumentert norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innan barne- og ungdomspsykiatri.
- Gode kunnskapar i norsk er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.Søkjarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring på norsk, må som minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing av ein som allereie er fast tilsett i føretaket, kan ein i særlege tilfelle gjere unntak frå kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
- Erfaring med relevante IKT-system er ønskjeleg, særleg DIPS, Meona og Microsoft 365.
- Erfaring med vedtaksarbeid.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid i BUP.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er pasientorientert og engasjert.
- Er god til å samarbeide og til å dele kunnskap med andre.
- Er strukturert, og trivst med å arbeide sjølvstendig og i høgt tempo.
- Er god til å tenkje nytt, finne løysingar og omstille deg raskt når det trengst.
- Har god gjennomføringsevne og tek ansvar.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring.
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Regelmessig internundervisning.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Sosiale aktiviteter som felleslunsj.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden